I denne delen skal du lære meir om:
Nokre gonger har ein behov for å lage underpunkt til punkt i ei liste. Det er ingen heksekunst; ein berre lagar ei liste inne i eit av punkta:
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">
<html>
<head>
<title>
Liste med underpunkt</title>
</head>
<body>
<h1>
Her er lista mi.</h1>
<ul>
<li>
Dette er første punkt</li>
<li>
Dette er andre punkt
<ul>
<li>
Dette er første underpunkt</li>
<li>
Dette er andre underpunkt</li>
<li>
Dette er tredje underpunkt</li>
</ul>
</li>
<li>
Dette er tredje punkt</li>
</ul>
</body>
</html>
Som du kan sjå er punktet som inneheld underpunkta avslutta etter at lista med underpunkt er avslutta. Det markerer at underpunkta er ein del av punktet den ligg inne i. Lagre fila som «tekst6.html» og opne ho i nettlesaren din. Resultatet skal sjå omlag slik ut:
Om ikkje lista di ser slik ut, bør du sjekke at du har skrive alt riktig. Pass på at du har skrive </li>
etter den avsluttande </ul>
i underpunktslista.
Definisjonslister skil seg frå dei to andre listetypene vi har gått gjennom ved at dei ikkje nyttar <li></li>
. Denne typen lister skal nyttast til å definere, skildre eller forklare ord, uttrykk osb, som til dømes i ei ordbok.
Definisjonslister startar og sluttar med taggane <dl></dl>
, der dl tyder definisjonslister. Orda eller uttrykka som skal definerast blir skrivne inne i <dt></dt>
, der dt tyder definition term, altså ordet som skal definerast. Sjølve definisjonen eller forklaringa blir skriven inne i elementa <dd></dd>
. Med dette i minnet lagar vi ei ny side (teksta er forresten henta frå Norsk medisinsk ordbok frå Samlaget):
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">
<html>
<head>
<title>
Mi første nettside med definisjonar</title>
</head>
<body>
<h1>
Definisjonar</h1>
<dl>
<dt>
pempidin</dt>
<dd>
Ganglieblokkerande lækjemiddel som tidlegare vart brukt mot høgt blodtrykk.</dd>
<dt>
penbutolol</dt>
<dd>
Andrenergt betablokkerande middel, uspesifikt.</dd>
<dt>
pendelluft</dt>
<dd>
Luft som fyller ein del av ei lunge medan andre delar av lunga tømmest.</dd>
</dl>
</body>
</html>
Lagre fila som «tekst7.html» og opne ho i nettlesaren din. Her er definisjonslista di. Ofte vil sjølve definisjonen bli vist som innskoten tekst under ordet som blir definert.
I neste del kan du lese om korleis ein kan leggje inn bilete i HTML-dokumentet.
Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.