HTML-kurs

Programvare

Etter å ha lest denne delen skal du ha lært om:

For å kunne skrive HTML finnast det no mange ulike typar programvare på marknaden og ikkje minst på internett. Kva program du bør velgje, vil ikkje du finne svaret på her, men du vil få nokre forslag å velgje mellom. Kanskje du finn eit som passar deg?

Teksteditorar

Det du strengt teke treng er ein enkel teksteditor. Dette er den enklaste måten å starte på, samstundes som at dette er den som krev mest kunnskapar i HTML. Her må du nemleg skrive inn tekst, dei ulike elementa og attributtane sjølv. Har du Windows følgjer det med eit program som heiter Notisblokk eller Notepad. På Mac finn du SimpleText, medan UNIX/Linux har emacs, vi, pico o.l.

Etter kvart har det dukka opp litt meir spesialiserte teksteditorar med ulike eigenskapar. Felles for desse er at dei har fargekoding, det vil seie at tekst, element og attributtar får ulik farge for å skilje desse frå kvarandre. I tillegg kan dei ulike programma ha ulike hjelpefunksjonar som kan gjere det enklare og raskare å lage HTML-dokument. Sjølv har eg vald eit program som heiter HTML-kit. Dette kurset vil ta utgangspunkt i Notisblokk/Notepad for Windows, men kan óg nyttast om du har eit anna operativsystem.

Dette kurset tek utgangspunkt i at du nyttar ein teksteditor.

WYSIWYG-editorar

Ein annan type programvare er dei såkalla WYSIWYG-editorane, der WYSIWYG er forkortinga for «What You See Is What You Get». Namnet kjem frå dei første tekstbehandlingsprogramma som viste på skjermen nøyaktig korleis tekst ville sjå ut på papiret, noko som no er standard innan tekstbehandling. Ja, enkelte tekstbehandlingsprogram, som td. Microsoft Word, kan til og med lagre dokument i HTML-format.

Har du Windows 95/98 eller liknande har du sikkert ha eit program som heiter Frontpage eller Frontpage Express. Elles finnast det mange andre, særleg på internett. Eit av dei betre WYSIWYG-editorane i dag er Macromedia sitt program, DreamWeaver, eit program som er meint for den profesjonelle marknaden.

Fordelen er at du treng minimalt med kunnskapar innan HTML og kan setje inn og endre tekst, bilete og andre element på same måte som du skriv i eit tekstbehandlingsprogram. Ulempene er at du ikkje har same kontroll over element og attributtar på same måte som i teksteditorar og at programma som er ute på marknaden i dag ikkje er gode nok til å følgje gjeldande standardar for HTML-språket.

For HTML-dokument er WYSIWYG enno ikkje ei heilt korrekt nemning. Grunnen til det er at det finnast mange ulike nettlesarar som viser HTML-dokument på sin måte, og du har ingen garanti for at HTML-dokumentet ditt vil sjå likt ut på ein annan maskin som på din eigen.

Å teste HTML-dokumentet

I tillegg til ein editor treng du ein nettlesar eller «browser» for å kunne teste HTML-dokumenta. Døme på desse er Internet Explorer, Opera og Netscape Navigator, men det finnast utruleg mange fleire. I desse kan du sjå om sidene dine ser ut slik du hadde tenkt, men som nemnd tidlegare, er det ingen garanti for at eit HTML-dokument er nøyaktig likt i dei ulike nettlesarane.

Du kan med fordel ha fleire ulike nettlesarar på maskina di slik at du kan sjå korleis dokumenta dine vil ta seg ut i dei ulike nettlesarane. Merk deg óg at dei same nettlesarane til ulike operativsystem kan vise dokumenta dine på ulike måtar. Vil du få prøvd så mange ulike nettlesarar og operativsystem som mogleg, kan du prøve diskusjonsgrupper på Usenet, td. no.alt.hjemmesider eller no.it.tjenester.www.design.

No som du har funne fram til riktig programvare er du klar til å skrive ditt første HTML-dokument.


Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.

HTML-KURSET

  1. Programvare
  2. Det grunnleggjande
  3. Formatering av tekst 1
  4. Formatering av tekst 2
  5. Formatering av tekst 3
  6. Bilete i HTML
  7. Bokmerke
  8. Lenkjer mellom to dokument

BAKGRUNNSSTOFF

UTE I WWW

ANNA

Valid XHTML 1.1!

Valid CSS!