HTML-kurs

Formatering av tekst

Etter å ha lest denne delen skal du ha lært om:

Som nemnd tidlegare, vil all tekst utanfor elementa vere synleg som tekst i ein nettlesar.

Avsnitt

Merk at teksten vil kome fortløpande uavhengig av linjeskift i HTML-dokumentet.

Lat oss ta fram «test.html» som vi skreiv i forrige del for å gjere nokre små endringar:

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">


<html>

<head>
  <title>Mi første nettside</title>
</head>

<body>
  Velkommen til mi første HTML-side.

  Dette er første avsnitt.

  Dette er andre avsnitt.
</body>

</html>

Legg merke til at vi har lagt til to linjer og trykt linjeskift (Enter) etter kvar linje. Lagre denne som «tekst1.html» og opne fila i ein nettlesar. Resultatet vil vere noko som liknar dette:

Velkommen til mi første HTML-side. Dette er første avsnitt. Dette er andre avsnitt.

Dette var eigentleg forventa i høve til det som står ovanfor. For å få laga avsnitt må vi nytte eit element som heiter <p>, der p står for paragraph eller avsnitt på norsk. Set vi dette elementet i fila vi har laga, ser det ut som dette:

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">


<html>

<head>
  <title>Mi første nettside</title>
</head>

<body>
  <p>Velkommen til mi første HTML-side.</p>

  <p>Dette er første avsnitt.</p>

  <p>Dette er andre avsnitt.</p>
</body>

</html>

Denne fila lagrar vi som «tekst2.html». Når vi opnar fila i ein nettlesar, ser vi at vi har delt teksta opp i tre avsnitt. Elementa<p></p> markerer altså avsnitt.

Overskrifter

På same måte som i tekstbehandlingsprogram, så opererer ein i HTML med ulike nivå for hovudoverskrifter og underoverskrifter. På engelsk heiter overskrift «heading» og elementet for overskrifter heiter difor <h1>-<h6>. Talet bak «h» viser kva nivå overskrifta er på, der «1» er hovudoverskrift og 2-6 er underoverskrifter. Vi endrar litt på fila ovanfor for å få eit døme på korleis ein nyttar overskriftselementa:

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">


<html>

<head>
  <title>Mi første nettside</title>
</head>

<body>
  <h1>Velkommen til mi første HTML-side.</h1>

  <h2>Dette er ei underoverskrift med h2.</h2>

  <p>Dette er første avsnitt.</p>

  <h3>Dette er ei underoverskrift med h3.</h3>

  <p>Dette er andre avsnitt.</p>
</body>

</html>

Vi lagrar dette som fila «tekst3.html». Opne denne fila i nettlesaren din. Du kan sjå at storleiken på teksten reflekterer kva nivå overskrifta har.

Merk at du ikkje bør nytte desse elementa for å utheve vanleg tekst, då dette vil bryte med den strukturelle funksjonen til elementa.

I del 2 av tekstformateringa skal vi ta føre oss punktlister og nummererte lister.


Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.

HTML-KURSET

  1. Programvare
  2. Det grunnleggjande
  3. Formatering av tekst 1
  4. Formatering av tekst 2
  5. Formatering av tekst 3
  6. Bilete i HTML
  7. Bokmerke
  8. Lenkjer mellom to dokument

BAKGRUNNSSTOFF

UTE I WWW

ANNA

Valid XHTML 1.1!

Valid CSS!