I denne delen skal du lære meir om:
Vil du lese meir om kva bilettypar som kan nyttast, så har eg skrive ein kort artikkel om ulike biletformat.
Etter å ha lest artikkelen nemnd ovanfor, er du sikkert klar for å pynte sida di med bilete. Taggen som blir nytta for å legge biletet inn i dokumentet heiter <img>
og kjem av det engelske ordet image. Før du prøver dømet nedanfor, bør du lagre eit bilete i katalogen du har lagra HTML-dokumenta dine. Eg nyttar ei fil som heiter mill.jpg, som du fritt kan lasta ned og lagre til bruk i dømet som følgjer.
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">
<html>
<head>
<title>
Ei side med bilete</title>
</head>
<body>
<h1>
Mitt bilete</h1>
<p>
Her er eit ferieminne:
<img src="
mill.jpg" alt="
Ei vindmølle i Paros, Hellas">
</p>
</body>
</html>
Dette har eg lagra som bilete.html. Det nye elementet ser slik ut:
<img src="
mill.jpg" alt="
Ei vindmølle i Paros, Hellas">
Her er det to attributtar som må vere med. Den eine er src
, source, altså filnamnet til biletet. Ligg fila i ein annan katalog enn HTML-dokumentet, må dette óg spesifiserast. Den neste er alt
, alternative, ein tekst som visast når biletet av ulike grunnar ikkje kan visast. Prøv gjerne å byte ut filnamnet med ei av dine eigne bilete og skriv ein passande alternativ tekst til.
Denne taggen er noko spesiell fordi han er ein av dei taggane som ikkje har slutt-tag. Vel du skrive i XHTML, må du skrive taggen slik:
<img src="
mill.jpg" alt="
Ei vindmølle i Paros, Hellas" />
Legg merke til at vi har lagt til eit mellomrom og ein skråstrek på slutten for å «lukke» dette elementet.
Alternativ tekst i alt-attributtet er obligatorisk i HTML. Når biletet, av ulike grunnar ikkje kan visast, er det naudsynt at ein legg ved ein beskrivande tekst til biletet. Nokre av grunnane kan vere:
Det er ikkje alltid at det er passande å nytte alternativ tekst. Nyttar du bilete som pynt, så er det berre forstyrrande for ein lesar å få ei skildring av pynten. Då kan du til dømes gjere slik:
<img src="
pyntebord.gif" alt=" ">
Du let altså berre alt-attributtet stå tomt. Men det må altså vere tilstades i img-taggen. Her følgjer ei liste over når du bør bruke alternativ tekst.
Les meir om bruk av alternativ tekst i ein djuptgåande artikkel skriven av Karl Ove Hufthammer.
Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.