Dei som har prøvd eit avansert tekneprogram veit at det finnast eit hav av ulike biletformat eller filtypar ein kan lagre bilete som. Men når ein skal legge bilete inn i heimesida si, så er ein avhengig av at det er brei støtte for formatet ein vel blant nettlesarar. Då er det særleg tre filtypar som er mest aktuelle. Desse er:
Desse ulike filtypene har ulike eigenskapar som gjer at dei passar til ulike typer bilete. Her følgjer ei kort forklaring av dei enkelte typene.
GIF står for Graphics Interchange Format. Denne filtypen eignar seg best til enkle bilete som logoar, tekst og symbol, bilete utan for mange detaljar og fargar.
Nokre av eigenskapane til GIF-formatet er at ein kan gjere delar av biletet gjennomsiktig og ein kan lage animerte bilete, altså bilete som rører seg. Talet på fargar ein kan nytter er begrensa til maks. 256; dess fleire fargar, dess større fil.
JPEG (uttalast "jåddpegg") er ei forkorting for Joint Photographic Experts Group. JPEG-formatet eignar seg best til fotografiske bilete, med mange detaljar og fargar.
Dette formatet komprimerer bileta ved å ta bort unødvendig data. Ein kan velje ulike komprimeringsgrader. Høg komprimeringsgrad gjev små filer, men færre detaljar.
PNG (uttalast "ping") er ei forkorting for Portable Network Graphics. Dette er eit relativt nytt biletformat som er meint å ta over for GIF-formatet. Sidan GIF nyttar ein lisensbelagd komprimeringsteknikk, har ein utvikla PNG som eit lisensfritt alternativ. PNG er ein anbefala spesifikasjon hos W3C.
PNG har, i tillegg til eigenskapane til GIF-formatet, moglegheiter for fleire fargar og delvis gjennomsiktige bilete. Komprimeringseigenskapane til dette formatet skal vere minst like gode som for GIF.
Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.