For å kunne distribuere informasjon globalt, trengs eit universelt språk som alle datamaskiner har mogleheit til å forstå. Språket som blir nytta for distribusjon på World Wide Web (WWW) er HyperText Markup Language (HTML). HTML er eit verkty for å:
HTML vart utvikla av Tim Berners-Lee ved forskningsstiftinga CERN i Sveits, for å forenkle deling av informasjon mellom forskarane knytta til senteret. Utviklinga av nettlesaren Mosaic i NCSA ved universitetet i Illinois, gjorde HTML lettare tilgjengeleg og gjennom 1990-talet auka populariteten saman med den eksplosive veksten til WWW. Sidan den gong har HTML utvikla seg i fleire retningar og etter kvart har behovet for standardar blitt meir tydeleg for både utviklarar av nettsider og programvare.
HTML er eitt av fleire tekstmarkeringsspråk, basert på eit system som vert kalla Standard Generalized Markup Language (SGML). Felles for desse er at dei består av element, óg kalla taggar, avgrensa av klammer og inneheld eit elementnamn, td. <html>
, der elementnamnet er «html». Med nokre få unntak består desse elementa av eit startelement <html>
og eit sluttelement </html>
. Forskjellen er liten, det er berre eit skråstrek før elementnamnet som fortel at det siste er eit sluttelementet.
Merk at all tekst utanfor elementa blir vist som tekst i nettlesaren din.
Mellom start- og sluttelementet plasserer du teksten som skal ha den eigenskapen som elementnamnet tilseier. Så om du til dømes skal fortelje at ein tekstsnutt er tittelen på sida, plasserer du denne teksten slik:
<title>
Dette er tittelen</title>
Dette fortel oss altså at teksten «Dette er tittelen» er ein tittel. For å skilje elementnamn frå venleg tekst, vil elementnamna i dette kurset vere grøne. Kort kan vi seie at:
Element som startar utanfor eit anna element skal avsluttast utanfor elementet. Eit element som startar inne i eit element, skal avsluttast innanfor dette elementet. Ein kan ikkje starte eit element A utanfor eit anna element B og avslutte A innanfor B.
<h1>
Overlapping forbudt<p>
Dette</h1>
er <em>
ikkje lov</p></em>
<h1>
Overlapping forbudt</h1><p>
Dette er <em>
korrekt skrivemåte</em></p>
I XHTML heiter det at alle element skal avsluttast. Det vil seie at startelement som ikkje har sluttelement skal avsluttast med eit skråstrek.
<br />
<hr />
Det er óg viktig å merke seg at ein i XHTML skiljer mellom store og små bokstavar i elementa, og at ein difor må skrive elementnamn og attributt med små bokstavar.
Kvart element kan gjevast yttarlegare eigenskapar ved å bruke ulike attributt. Eit attributt kjem alltid i par, eit attributt og ein verdi. Skal du ta med eit attributt må du inkludere ein verdi for dette attributtet. Verdien skal plasserast i hermeteikn. Til dømes:
name="
fornamn"
colspan="
2"
href="
http://www.hib.no"
class="
boks"
Alle element har sine tilhøyrande attributtar. Ein del attributtar kan brukast på fleire ulike element.
Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.