HTML-kurs

Lenkjer mellom HTML-dokument

I denne delen skal du lære meir om:

I den forrige delen tok vi føre oss hypertekst innanfor eit HTML-dokument. No skal vi kople saman to dokument ved hjelp av hypertekst og a-elementet. Denne typen kopling kallar ein ei lenkjer eller ein link.

Lenkjer

Å lage lenkjer mellom to dokument er rimeleg enkelt. Vi hugsar dømet frå forrige del:

<a href="lenkje">tekst eller bilete</a>

Dette nyttar vi óg når vi skal lage ei lenkje til eit anna dokument. Vi skiftar berre ut «lenkje» i href til namnet på dokumentet vi skal kople til. Om til dømes vil lage ei lenkje til bokmerke2.html som du lagde i forrige del, så vil du skrive følgjande:

<a href="bokmerke2.html">Lenkje til bokmerke2.html</a>

Så lenge filene ligg i same katalog treng du berre sjølve filnamnet. Dette kan vi setje inn i eit HTML-dokument, som vi kallar lenkjer.html:

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">


<html>

<head>
  <title>Lenkjer</title>
</head>

<body>
  <h1>Lenkje</h1>

  <p>Vi har laga ei <a href="bokmerke2.html">lenkje til bokmerke2.html</a>.</p>
</body>

</html>

Opnar du fila i nettlesaren din, vil du sjå at teksten lenkje til bokmerke2.html vil vere merka som ei lenkje. Vel du denne lenkja vil vonleg dømet frå forrige del dukke opp. Du har no laga di første kopling mellom to HTML-dokument. Ver merksam på at filene lenkjer.html og bokmerker2.html må liggje i same katalog/mappe for at dette dømet skal fungere.

Vise bokmerke i ei anna HTML-fil

I den forrige delen fekk du prøvd å lage ei kopling til eit bokmerke i same dokumentet. No skal du lage ei kopling til eit bokmerke i eit anna dokument. Referansar til bokmerke skal, som tidlegare nemnd, markerast med ein firkant, «#». Vil vi lage ei lenkje til bokmerket «maalet» frå forrige døme, så vil lenkja sjå slik ut:

<a href="bokmerke2.html#maalet">Lenkje til bokmerke2.html</a>

I dømet ovanfor har vi lagt namnet på bokmerket, med «#» framfor, bak dokumentnamnet.

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">


<html>

<head>
  <title>Lenkjer</title>
</head>

<body>
  <h1>Lenkje</h1>

  <p>Vi har laga ei <a href="bokmerke2.html#maalet">lenkje til "maalet" i bokmerke2.html</a>.</p>
</body>

</html>

Denne fila lagrar eg som lenkjer2.html.


Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.

HTML-KURSET

  1. Programvare
  2. Det grunnleggjande
  3. Formatering av tekst 1
  4. Formatering av tekst 2
  5. Formatering av tekst 3
  6. Bilete i HTML
  7. Bokmerke
  8. Lenkjer mellom to dokument

BAKGRUNNSSTOFF

UTE I WWW

ANNA

Valid XHTML 1.1!

Valid CSS!