Frå og med standarden HTML 4, så har ein byrja skilje struktur frå utsjånad i hypertekst-dokument. Frå det har utviklinga stadig vore slik at ein har lagt til nye taggar for å definere utsjånad i HTML.
Til og med HTML 3.2 har ein sett at det har vore vanskelegare og vanskelegare å lage sider som ser nokonlunde like ut i ulike nettlesarar. Særleg dei to store aktørane Netscape og Microsoft har lagt til sine særeigne taggar som kun verkar i sine nettlesarar.
For å få bukt med dette, så har World Wide Web Consortium (W3C) bestemt å gå tilbake til utgangspunktet og la HTML vere det HTML var meint å vere, nemleg ein struktur-markør. Men behovet for å kunne definere utsjånaden på sidene vart likevel ivareteke ved at ein innførte eit nytt «språk»: Cascading Sylesheets (CSS), eller stilark på norsk.
Kva meiner ein så med at HTML skal vise struktur? Eit hypertekst-dokument består av taggar som fortel kva teksten i mellom taggane er, og ikkje korleis dei ser ut. Ein tekst mellom <h1>
og </h1>
viser at dette er ei overskrift i øverste nivå. Tekst mellom <h2>
og </h2>
er ei overskrift i nivået under. Tekst markert med <address></address>
er ei adresse, <code></code>
er programkode (m.a. brukt rundt taggane i denne artikkelen) osb. Dette skal ein sjå ved å sjå på taggane til eit HTML-dokument eller ved hjelp av ein god grafisk nettlesar.
Cascading Stylesheets eller stilark inneheld informasjon om korleis taggane i eit hypertekst-dokument skal sjå ut. Dermed treng ein ikkje element som <font>
eller attributtar som color
og bgcolor
. Desse stilarka kan plasserast som attributtar i dei enkelte element, i <head></head>
i eit HTML-dokument eller som ei eiga fil som er knytt til HTML-dokumentet. Det siste alternativet er spesielt greitt å bruke når ein har fleire dokument som skal sjå like ut, td. i ein større nettstad. Då treng ein berre endre på denne eine fila når ein vil endre utsjånad på heile nettstaden, i staden for å gå inn i kvar fil og endre på enkelt-taggar.
Med CSS har ein óg moglegheiter for å definere korleis nettsider skal bli presentert i ulike media, td. eit stilark for skjerm, eit for skrivar og eit stilark for non-visuelle nettlesarar, td. talande nettlesarar for blinde. Støtte for CSS har i tidlege nettlesarutgåver varierer voldsomt, men etter kvart har dette jamna seg ut, og «dei tre store», Microsoft Internet Explorer, Netscape og Opera, stiller nokså likt når det gjeld støtte for CSS frå versjon 6 og oppover. Open source-nettlesaren Mozilla, som Netscape baserer seg på, er komen lengst, mykje på grunn av det høge utviklingstempoet som open source-miljøet held.
Det finnast etter kvart mange innføringar i CSS, og vil ein lære meir kan ein mellom anna sjå på denne norske innføringa i CSS.
W3C er ein organisasjon som arbeider med å utvikle standardar for den delen av internett som vert kalla World Wide Web (WWW). I denne organisasjonen finn ein mellom anna mannen som «oppfant» WWW, nemleg Tim Berners-Lee. Dei har ingen måte å handheve desse standardane på, men kan berre anbefale at ein som programutviklar for nettlesarar og webdesignar prøver å ta hensyn til desse. I skrivande stund er den anbefalte standarden XHTML 1.1, som er basert på HTML 4.01 og XML, og CSS 2.
Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.