Som nemnd i artikkelen om struktur og presentasjon, så har HTML utvikla seg gjennom tidene. Til kvar av desse versjonane av markeringsspråket, høyrer det til ein DTD, eit dokument som definerer kvar tagg, attributt og teikn for den aktuelle HTML-versjonen.
For at ein skal kunne skilje dei ulike versjonane frå kvarandre og knyte den tilhøyrande DTD-en til HTML-dokumentet, bør ein difor oppgi dokumenttypen. Ulike validatorar, program/tenester som kontrollerer HTML-dokument, er avhengig av ein DTD for at kontrollen skal bli riktig i høve til. Dokumenttypen kan etter kvart bli naudsynt for at nettlesarar skal kunne tolke HTML-dokumentet ditt riktig.
Som nemnd tidlegare finnast det ulike dokumenttypedeklarasjonar for dei ulike HTML-versjonane. Veljer du den versjonen som i skrivande stund er nyast, så ser dokumenttypedeklarasjonen slik ut.
<!DOCTYPE
html PUBLIC "-//W3C//DTD XHTML 1.1//EN"
"http://www.w3.org/TR/xhtml11/DTD/xhtml11.dtd">
Ein deklarasjon av dokumenttype startar alltid med <!DOCTYPE
. Denne deklarasjonen fortel mellom anna at versjonen som er nytta er XHTML 1.1 og at DTD ligg i adressa http://www.w3.org/TR/xhtml11/DTD/xhtml11.dtd. Neste døme viser tre ulike deklarasjonar for HTML 4.01:
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01 Transitional//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/loose.dtd">
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01 Frameset//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/frameset.dtd">
I artikkelen struktur og presentasjon forklarte eg korleis HTML 4 markerte eit skilje mellom struktur og presentasjon. Ein del element var ikkje lenger tilrådde å nytte, medan andre vart lagt til. For at overgongen til den nye måten å skrive HTML på ikkje skulle bli for brå, har ein laga tre ulike DTD, med tilhøyrande deklarasjonar, til same HTML-versjon.
Den øverste deklarasjonen skal stå i dokument som er skrive «etter boka», slik HTML 4 er tilrådd å skrivast. Den følgjer dei nye reglane strengt og DTD-en til denne utgåva heiter difor strict.
Den neste er meint som ein slags overgongsdeklarasjon, «Transitional», og skal stå i dokument som er mindre tru mot den strukturelle forma som HTML skal ha. For dei som framleis skriv HTML på «den gamle måten» med mange element som definerer utsjånad og liknande, så er DTD-en til denne utgåva litt slakkare i reglane, difor namnet loose.
Den siste deklarasjonen er laga spesielt for nettsider som nyttar frames, rammer, ei løysing som ikkje høyrer til HTML i det heile, men som i si tid vart innført av Netscape. Frames er ikkje noko eg vil gå nærare inn på i dette kurset, men deklarasjonen skal a alle fall nyttast i den fila som lagar rammene.
XHTML 1.0 har den same typen inndeling i fleire utgåver som HTML 4/4.01, medan XHTML 1.1 berre har den eine deklarasjonen vist ovanfor.
Dokumentdeklarasjonen skal plasserast øverst i dokumentet, før alle andre element.
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">
<html>
<head>
<title>
Mi nettside</title>
</head>
<body>
Velkommen
</body>
</html>
Dette kurset vil vere basert på HTML 4.01 Strict, og vil difor nytte same dokumenttypedeklarasjon som dømet over.
Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.