Etter å ha lest denne delen skal du ha lært om:
Om du no sit framfor PC'en din og lurer på kva i alle dager dette HTML-greiene er for noko, kan du ta ein titt på ein introduksjon til HTML. Om du no sit klar og klør i fingrane, så er det berre å setje i gong:
Fyr opp Notepad/Notisblokk og start med å taste inn dette (Merk at grønfargen i teksten kun er lagt til av underteikna for å skilje elementa frå resten av teksten. Nyttar du Notisblokk eller liknande vil all tekst vere lik):
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">
<html>
<head>
<title>
Mi første nettside</title>
</head>
<body>
Velkommen til mi første HTML-side
</body>
</html>
Sånn! No har du skrive ditt første HTML-dokument. No kan du lagre dokumentet som «test.html». Hugs å velgje filtypen «Alle filer». Deretter kan du start nettlesaren din, trykk Fil | Åpne på menyen og finn fila du lagra. Resultatet vil likne dette her. Nyttar du Vis kjelde/Show source-funksjonen til din nettlesar vil du kunne sjå at dokumentet er bygd opp på same måte som ovanfor.
Om det du har skrive ikkje liknar på dømet mitt, bør du sjå over det du har skrive ein gong til. Ser det nøyaktig likt ut? Har du fått med deg alle klammene?
Men kva har du eigentleg tasta inn?
Lat oss ta ein kikk på kva du har skrive og kva det betyr. Heilt i byrjinga av dokumentet finn du <!DOCTYPE
(…). Dette er ein dokumenttypedeklarasjon som fortel kva for slags dokument dette er. I vårt døme står det at dokumentet er eit HTML-dokument og av vi nyttar HTML-versjon 4.01. Ein slik deklarasjon skal stå heilt først i eit HTML-dokument. Eg har skrive ein eigen artikkel om dokumenttypar og deklarasjon av desse.
Sjølve HTML-dokumentet byrjar og sluttar med <html>
og </html>
. Dette fortel oss at dette er eit HTML-dokument, og alle HTML-dokument byrjar og sluttar slik. Veit du ikkje forskjellen på start- og sluttelement, kan du lese meir om dette i introduksjonen til HTML.
Eit HTML-dokument kan delast inn i 2 hovuddelar: head og body. I delen som vert kalla head plasserer ein informasjon om dokumentet som blir nytta av nettlesaren, søkemotoren og liknande. I body-delen ligg sjølve HTML-dokumentet som ein les i nettlesaren. Elementa <head></head>
og <body></body>
skal skilje desse delane frå kvarandre og må vere med i eit HTML-dokument.
Inne i head-delen ligg title-elementet, der innhaldet altså er tittelen på dokumentet. Tittelen dukkar gjerne opp øverst i nettlesarvindauget, som namn på bokmerket og denne blir nytta av søkemotorar. Tittelen må vere med i eit HTML-dokument.
I body-delen kjem som sagt innhaldet som dukkar opp i nettlesaren. I dømet vårt er dette teksten: «Velkommen til min første HTML-side».
Vart ikkje resultatet slik som dømet viser. Den vanlegaste feilen ein kan gjere er skrivefeil. Pass på at alle elementa er riktig skrive og at alle startar og sluttar der dei skal. Hugs at elementa ikkje får overlappe kvarandre.
No som vi har gått gjennom grunn-elementa i eit HTML-dokument, kan vi gå vidare til redigering av tekst i body-delen.
Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.