IT-PLAN
BARNEKLINIKKEN POST 5
AUGUST 2001

Innhald

Innleiing

I Gudmund Hernes sin handlingsplan for 1997 - 2000, "Mer helse for hver bIT"1, står det i punkt 3.2:

Mål for IT i helsevesenet

  1. Øke helsepersonellets kompetanse-" bedre diagnoser og behandling
  2. Forenkle rutiner for ajourføring og lagring av informasjon -" mer tid til pasienten
  3. Bedre kommunikasjon mellom ulike ledd -" bedre koordinering og samhandling
  4. Fremme god informasjon til pasienten -" mer makt til pasienten
  5. Ivareta fullgod informasjonssikkerhet -" ivareta både forsvarlig og effektiv pasientbehandling og et sterkt personvern.

IT er blitt eit viktig verktøy i kvardagen til helsevesenet, for å kunne yte ei effektiv og rasjonell teneste for pasientane. Tryggleik i høve til bruken av IT gir grobotn for gode rutiner og kvalitetssikring, noko som igjen vil gi pasientane og pårørande kjensla av tryggleik og av å bli ivaretekne under deira opphald på posten.

I tida framover vil vi oppleve at fleire og fleire tenester vil bli overført til sjukehuset sine datasystem. Det er difor viktig at ein allereie i dag byrjar opplæring i det eksisterande systemet for å få eit grunnlag å byggje vidare med naudsynte kunnskapar på.

Denne IT-planen er bygd på IT-planen for Ortopedisk avdeling2.

Viktige omgrep

IT
Informasjonsteknologi er teknologien som omfattar elektronisk data- og informasjonsbehandling.
IKT
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er i dag eit meir dekkjande uttrykk for den teknologien som i dag blir nytta, der utveksling av informasjon mellom brukarar er sentralt.
Internett
Eit verdsomspennande nettverk av datamaskiner som kan utveksle informasjon mellom kvarandre. Dette gjer det mogleg å sende filer, e-post og websider via nettverket.
Intranett
Fungerer på same måte som Internett, men tilgongen er avgrensa til det interne nettverket av datamaskiner til ein organisasjon.

Målsetjing for posten

Målsetjinga for posten kan delast i to, eit langsiktig og eit kortsiktig mål.

Langsiktig mål

Alle tilsette ved Barneklinikken post 5 kan bruke informasjons- og kommunikasjonsteknologien som dei disponerer Haukeland Sykehus på ein måte som er naudsynt og hensiktsmessig i høve til dei daglege arbeidsoppgåvene dei utfører.

Tidleg opplæring av nytilsette og oppfrisking av kunnskapar er viktig for å kunne nå dette målet. At ein er trygg på sine datakunnskapar, vil óg kunne gjere det lettare å innføre nye program og datasystem.

Kortsiktig mål

Pleiepersonalet, både barne-/hjelpepleiarar og sjukepleiarar, skal lære eit minimum av bruksområder for utvalde program for å lette kvardagen for seg sjølv og dei rundt ein.

Dette er eit mål som er realistisk å nå innan 2002.

Tiltak for gjennomføring

  1. Det må kjøpast inn nok PC-ressursar.
    Det blir lagt opp til ein aukande grad av kommunikasjon over PC. Bestilling av varer, portørar osb., innhenting av pasientopplysningar og laboratoriesvar set krav til utstyret. Posten sit i dag med ein del gamle datamaskiner som arbeider så sakte at dei heller fungerer som ein flaskehals enn å effektivisere kvardagen.
  2. Det blir utarbeidd ein plan for opplæring.
  3. Arbeidsgjevar gjev opplæring i programvare som den tilsette treng for å utføre sitt daglege arbeid.
  4. Det blir gjeve opplæring til den enkelte tilsette i bruk av sjukehuset sitt intranett på ein slik måte at den tilsette sjølv kan søke etter naudsynt informasjon.
  5. Det blir av arbeidsgjevar gjeve vidare opplæring i bruk av programvare i den utstrekning det blir funne det hensiktsmesssig.
  6. Ved nyrekruttering blir det spurd etter datakompetanse i utlysingstekst.

Tilgong til sjukehuset sitt datanettverk

Det er avdelingsleiinga som avgjer kva tilgong den enkelte skal ha til sjukehuset sitt datanettverk. Fleire av dei databasene som blir nytta ved sjukehuset, har strenge kontrollar for tilgong. Dette kjem fram m.a. på grunn av krav frå Datatilsynet. Tilsette skal i utgangspunktet ikkje ha tilgong til andre pasientadministrative opplysningar enn dei som trengs i relasjon til sitt arbeid.

Målgruppe

Målgruppa for denne IT-planen er alle innan pleietenesta, det vil seie sjukepleiarar, barnepleiarar og hjelpepleiarar.

Presentasjon av aktuell programvare

NetLab

Eit program der ein hentar ut svar på blodprøveresultat. Ein skal kunne finne fram blodprøvesvar og skrive desse ut.

Opplæring naudsynt for alle sjukepleiarar. Opplæring av hjelpepleiarane er óg hensiktsmessig. Ein bør då, som ved anna, bruke programmet jamnleg dersom opplæring skal ha nokon hensikt.

PIMS

Er sjukehuset sitt pasientadministrative program.

Opplæring aktuell for alle innan pleietenesta. Opplæring i inn- og utskriving, overføring, skrive ut merkelappar og eventuelt registrering av permisjon.

Intranett

Dette er sjukehuset sin viktigste informasjonskanal.

Det er viktig for sjukehuset at oppdatert informasjon er lett tilgjengeleg for sjukehuset sine tilsette. Intranettet skal kunne fungere som et bibliotek for avdelingane. Intranettet er i stadig utvikling ved sjukehuset og eit aukande tal av ulike avdelinger er etter kvart representert. I takt med dette blir talet på papirversjonar av metoder, retningslinjer og rutiner redusert. Dette er informasjon som da må hentast fra intranettet.

Outlook

Eit program for å sende og motta elektronisk post. Programmet har i tillegg ei rekke andre funksjonar m.a. tidsplanleggjar, adresse-/kontaktbok, notat og gjeremål.

Opplæring i dei viktigaste funksjonane som å lese og sende e-post, samt organisere motteken post er planlagd.

Annan aktuell programvare

Etter kvart som fleire og fleire av Haukeland sjukehus sine tenester og funksjonar er lagt til elektronisk databehandling, vil behovet for vidare opplæring vere naudsyn. Her er nokre døme på program som etter kvart er aktuelle.

PortørComClient

Eit program der ein kan bestille portørtenester. Programmet er brukarvennleg og enkelt i bruk. Opplæring aktuell for alle innan pleietenesta.

Word tekstbehandling

Et avansert tekstbehandlingsprogram.

OPPLÆRINGSPLAN

Planlegging

I byrjinga må det gjerast klart kva personalet bør ha av minimumskunnskapar når det gjeld IT på posten. Det er leiinga ved posten som avgjer dette. Deretter vil utarbeiding av opplæringsplan og kartleggjingsmetoder stå for tur.

Kartleggjing

Før ein går i gong med ein meir omfattande opplæringsplan, vil det vere naudsynt med ein kartlegging i høve til behovet for opplæring og nivået for den undervisninga som trengs.

Kartlegging gjev ei oversikt over den eksisterande kunnskapen for så å samanlikne denne med avdelinga sitt behov. Data er tenkt innhenta gjennom eit ikkje-anonymt spørjeskjema. Dermed kan ein best leggje til rette undervisning for ulike nivå og gje individuell opplæring/oppfølgjing der dette er hensiktsmessig.

I kartleggjingsfasen må ein óg sjå på behovet for oppretting/fornying av passord til dei program og tenester som krev dette.

Opplæring

All obligatorisk opplæring skal skje i arbeidstida. Dermed er det særs avhengig av korleis arbeidsmengda på posten ellers er. Det er ønskjeleg å gje individuell undervisning eller i grupper på to personar, for at deltakarane skal få mest mogleg utbytte av opplæringa. Innhaldet vil variere frå person til person etter kva dei behov dei har gitt uttrykk for under kartleggingsfasen.

Det er sjølvsagt mogleg å ta del i kurs utanom arbeidstid i regi av sjukehuset, men dette er friviljug.

I og med at undervisninga er så avhengig av arbeidsmengda på posten, vil det vere vanskeleg å oppgi nokon tidsramme for undervisninga.

Evaluering

Etter avslutta opplæringsperiode er det tid for evaluering. Gjennomføring og emna som blir tekne opp er sentrale. Ein bør i denne fasen óg vurdere kor vidt og kor snart ein bør byggje vidare på den kunnskapen dei tilsette har tileigna seg, eventuelt kva tema som då bør takast opp.

Referanser:

1 Mer helse for hver bIT
Sosial- og helsedepartementet, 1996

2 IT PLAN FOR ORTOPEDISK AVDELING HØST 1999 OG VÅR 2000
Georg Genius, Haukeland Sykehus