Blank spot

Hopp til menyen


Fårikåltid — igjen

Mandag 22. September, 2003

Så er det igjen tid for fårikal, denne genialt enkle og svært mettande retten som får befolkninga i Noreg til å gå rundt som udetonerte biologiske våpen. Det finnast mange variasjonar over same tema (Lasse har ei utgåve), så eg nøyer meg med å gje folk hovudtrekka for å få eit godt måltid som varer i fleire dagar.

  • Fårikålkjøt
  • Kål
  • Salt
  • Heile peparkorn
  • Litt kokande vatn

Del opp kålhovudet i båtar og legg kjøt og kål lagvis i kjelen. Strø salt og pepar mellom laga. Hell over kokande vatn og lat koka over svak varme. Det kan ta opptil eit par timar før fårikålen er ferdig.

Eit par små triks som kan nyttast etter behov:

Forsiktig med vatnet
Ein treng ikkje så mykje vatn for koke fårikål. Byrja med 2-3 dl med vatn (avhengig av mengde kjøt ogkål) og etterfyll heller om naudsynt.
Ikkje bruk reint lamme-/fårekjøt
Du kan få eit relativt tørt resultat om du nyttar kjøt utan feitt i. Vi var heldige i år og fekk både mykje kjøt og feite stykker.
Kveitemjøl
Personleg synest eg det er greit med litt tjukk kraft. Litt kveitemjøl mellom laga er med på å sikre dette. Andre att, likar den tynne suppa som skvalpar rundt på tallerkenen.
Peparbøsse
Er du som sambuaren min — ikkje så glad i å knaske på peparkorn — så er det greitt å nytte ei peparbøsse til å samle peparkorna i. Nokre vil kanskje seie at det er juks.

Mat

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Lasse, 23. September 2003, kl. 21.53

Hvordan unngår du at melet mellom lagene klumper seg når du tømmer over kokende vann?


Av: Chris, 23. September 2003, kl. 22.20

Tja, sei det. No var det vel ikkje slik at krafta vart så voldsomt tjukk då vi lagde fårikål sist (i helga). Tenkte kanskje vi hadde for lite mel i, hadde ikkje så mykje i huset, ser du. I år var første gong vi prøvde med kokande vatn. Før har vi berre hatt i kaldt vatn og lat det koke opp. Men du har eit poeng.



Søk


Om meg

Innhald