Fredag 16. Mai, 2003
W3C er gode på vevteknologi, men kanskje ikkje alltid like heldige med utforminga av sidene sine. For å gjere noko med dette vart det starta ein konkurranse om å gje nettstaden eit nytt ansikt utad, utan at det gjekk utover krava for tilgjenge på veven. For omlag ein månad sidan vart lista over dei betre forslaga lagt ut, saman med vinnaren. Griselekkert!