Fredag 02. Mai, 2003
Karl Ove Hufthammer skriv Gisle Hannemyr si forskning på spam. Der oppfordrar han oss óg til å lenkje til Hannemmyr si spamtestside.
Sjølv har eg byrja arbeide litt med gjesteboka mi, som tidlegare har vore svært enkel ved at ho legg ut alt som blir skrive inn, inkludert e-postadressa til dei som skriv i ho. Eg har no teke bort alle e-postadressene, men har framleis lyst til at folk skal kunne sende e-post til folk i gjesteboka. Difor har eg tenkt å lage eit skjema som folk kan nytte for å sende e-post, utan at adressene blir sendt mellom server og nettlesar i klårtekst.
Eg er eigentleg ikkje sikker på om det har noko for seg. Men ingenting bør vere uprøvd i kampen mot spam.