Tirsdag 25. Juni, 2002
Lokala i Kong Oscars gate 10, der pengar har bytta eigarar sidan 1790, ber preg av å ha ei gamal sjel. Her finn du meir nips og slitt møblement enn i skulekorpset sin årlege loppemarknad, fleire aromatiske lukter enn i innvandrarsjappa på hjørnet og musikken — vel, er du heldig så er du tilbake til den gongen storbandjazz dominerte dansegolva.
Men kanskje er det dette som gjer det så avslappande å vere her. Det er ingen «hip, kul og trendy»-faktor som stivar opp atmosfæren. Stemningsskaparane er som henta rett frå loftet til bestemor og betjeninga er (nesten) alltid smilande. Blingsane (for det er det ein kallar dei) er store og tjukke nok for at dei mest hardbarka skogsarbeidarane skal kunne bli mett berre ved å sjå på dei, men pent dandert, slik at sjølv pene Bergensfruer skal kunne ta i brødskivene. For det er såpass variert klientell her.
Det er ikkje berre kaffi, te, nypressa juice og tørrfór her, men òg mat for intellektet. Gamle bøker finst det flust av, og med jamne mellomrom er det bokkveldar, diktkveldar, musikkveldar og så bortetter, så det er berre å lese oppslaga på veggane.
Eg har nok funne stamkaféen min i det blå huset i Kong Oscars gate 10.