Søndag 23. Juni, 2002
Følgjande tekst er henta i frå cd-omslaget (fritt omsett til nynorsk):
Big Odd Band vart starta i romjula 1994. Initiativtakar var Odd Fossum, som i eigenskap av musikklærar i kommunene Nordal og Stranda, og dirigent for flesteparten av korpsa i distriktet, følte eit sterkt behov for å tilføre eit annleis tilbod innanfor distriktet. Det var mange unge talent som berre venta på å få litt friare spelerom, og storbandmusikken var svært populær hos desse musikantane.
Bandet vart starta som eit tilbod til musikantar i aldersgruppa 15 til 25 år og har hatt som føremål å auke interessa for jazzmusikk generelt, og storbandmusikk spesielt. Medlemmane betalar ein kontingent, fastsett av leiar, for kvart skuleår. Snittalderen i dag er (1996) er 18,66 år, ikkje medrekna Vidar Skogly og Odd Fossum. Bandet blir drive av Odd Fossum på ideologisk grunnlag, med symbolsk støtte frå musikkskulane i Norddal og Stranda kommuner.
Bandet har, i dei åra det har eksistert, blitt eit populært og etterspurd orkester i svært mange samanhengar. Kommunene rundt Storfjorden har vore flinke og støtta opp økonomisk, og vi merkar stor velvilje hos både politikarar og folk flest.
Rekrutteringa ser no ut til å gå ganske bra. Vi har pågang av yngre ivrige musikantar som gjerne vil delta, så vi har tilpassa eit «aspirantprosjekt» ved sidan av den daglege drifta. Førebels har «aspirantane» adgang på alle øvingar saman med resten av bandet, men dei får berre spele i konsertar ved fråver i den gruppa dei høyrer instrumentalt. Bandet møter til øvingarein del helger fordelt ut over året. Vi øver nokre gonger i Norddal, nokre gonger på Stranda og i Sykkylven. På den måten vert reiseutgiftene nokonlunde fordelt på alle medlemmane.
Denne plata vart til fordi vi ikkje fekk tilgang på Molde Internasjonale Jazzfestival, noko som er «målet» for kvar sesong. Gjengen vart samla ei veke i juli på Stranda, og øvde nokre timar kvar kveld. Vi fekk med fleire av dei tidlegare medlemmane, som no var i militæret (Gardemusikken) eller på skule andre stader i landet.
Alle fekk «sine» låtar som dei spelte på plata. Dvs. at det kun var «standard-oppsett» som spelte på plata, sjlv om mannskapet skiftar på dei ulike låtane. Dette gjeld særleg saxrekka, der mange har vore innom i den første tida bandet har eksistert. Vi er òg litt stolte av at pianisten Odd Johan Overøye ville spele med oss, og håper De får nyte den eminente pianosoloen hans på det aller siste kuttet på plata, «Day In, day Out», ei låt Odd Johan har arrangert sjølv!
Reportoiret på plata er forøvrig eit snitt av kva vi har drive på med desse åra, og mange vil nok kjenne att fleire av låtane frå konsertane våre. Vi har sjølvsagt òg spelt inn nokre nye låtar. Solistane på plata er dei same som har utvikla seg med bandet.
Det er alltid vanskeleg å prøve seg på kunsten å improvisere når ein ikkje har gjort dette før, men her får ein høyre mange av våre lokale musikarar i gode soloprestasjonar som det verkeleg står respekt av!
Desse tok del i plateinnspelinga (alderen i parantes er frå 1996):