Lørdag 11. Mai, 2002
Ein dag sette eg meg ned for å tenkje på kva eg ville gjort om eg vann i lotto. Ja, for av og til kastar eg faktisk bort pengar på slikt òg. I alle fall når dei lokkar med jackpot eller dobbel jackpot.
I tillegg til fornuftige ting som hus og lån etc. så fann eg i alle fall nokre ting eg ville brukt litt av den nyerverva (imaginere) formuen på.
Sukk…
Dette er ei lita liste over mine materialistiske draumar, draumar som kostar pengar, pengar som eg ikkje har. Men ein dag, då skal det skje…
Heilt frå eg var liten og såg ei gamal dame putre rundt i ein liten gul Mini, så har eg tenkt: Det skal vi min første bil. Dette gjeld enno. Men det må vere den originale Mini-en og ikkje BMW si nye utgåve.
Eg håper eg ein gong kan finne meg ein slik sak, med treinteriør og skinnseter. Kanskje til og med eit soltak som strekkjer seg langs heile taket…
Ein gong skal eg ta motorsykkellappen, berre for å kunne køyre ein Vespa PX 200, eller ein eldre Vespa/Lambretta scooter med manuelt gir og grom motorlyd. Det er ikkje same sjarmen over dei moderne 50 cc scooterane som hyler bortover vegen.
Ein må smile litt når ein les spesifikasjonane på denne scooteren som krev sertifikat på tung motorsykkel:
Nokon heftigare sykkel i hybrid-klassa har eg ikkje sett nokon gong. Denne er berre utruleg lekker og havnar med god grunn på mi liste over materialistiske draumar.
Berre les på nokre av spesifikasjonane: